Deling av eigedom
Ønskjer du å dele ei tomt eller opprette ein festegrunn, må du søkje kommunen.
Tenesteomtale
Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn ti år, må du søkje kommunen om løyve. Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei oppmålingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer). Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen.
Det er ikkje nødvendig med løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskifte i tråd med ein rettsleg bindande plan.
Målgruppe
Blant andre desse kan be om deling:
- Grunneigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
- Den som gjennom retttskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer frådelt
- Den som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste
Kriterium/vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, eventuelt forslag om å endre reguleringsplan) vere godkjent av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:
- Det må vere sendt varsel til naboane
- Tomtedeling må oppfylle alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Pris for tenesta
Kommunen kan ta eit gebyr for sakshandsaminga.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå særskilt plan- og bygningslova
- §§ 18-1 og 18-2 (Opparbeidelseskrav)
- § 20-1 (Tiltak som krever søknad og tillatelse)
- kap. 21 (Krav til innhold og behandling av søknader)
- kap 26 (Opprettelse og endring av eiendom)
- §§ 27-1 - 27-4 (Tilknytning til infrastruktur)
- § 28-7 (Den ubebygde del av tomta. Fellesareal)
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Søknaden om deling av eigedom skal vere skriftleg. Du må føre opp korleis du ønskjer at delinga skal utførast. Du må også leggje fram eit forslag til grensegangen som er teikna inn på kart.
Saksbehandling
Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Du vil få informasjon undervegs, og også rettleiing til å skaffa rette opplysningar, viss du treng det. Deretter fattast det eit vedtak.
Saksbehandlingstid
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 19.12.2024 19:11